Cobiotex® Biofilm
Eit pulver med frysetørka positive bakteriestammer som har spesielle og dokumenterte egenskapar. Du blandar pulveret i vatn og sprayer det i fjøset. Dei konkurransesterke gode bakteriane vil raskt etablere seg i miljøet. Då mange av utfordringane i fjøsmiljøet er knytt til uheldig og usunn bakteriflora, vil Cobiotex gje deg mange fordelar.
- Utkonkurrerer potensielt sjukdomsframkallande bakteriar og gjev derfor mindre sjukdom på dyra
- Bakteriane i Cobiotex produserer organiske syrer som hemmar bakterievekst (Optimaprodukta er basert på organiske syrer)
- Cobiotex hemmar vekst av ammoniakkproduserande bakteriar og gjev dermed betre fjøsmiljø
- Mindre ammoniakk i storfefjøs gjev lågare pH i gjødsel på golvet og dermed betre og sterkare klauver
- Amoniakkfordamping er tap av nitrogen. Cobiotex bind amoniakk i gjødsla og aukar dermed nitrogeninnhaldet
- Bakteristammene produserer ei rekke enzym som bryt ned plantefiber i fôrrestar og strø. Dette gjer at talla kan absorbere vesentleg meir fuktighet og dermed held talla seg tørr. Det sparer deg for kostnader til halm, flis eller anna strø